Min medieoppleving – True Blood

mai 18, 2010

I haustsemesteret hadde alle i klassen ein liten presentasjon av ein medieoppleving vi ville dele med resten av klassen. Min medieoppleving var HBO sin serie, True Blood. True Blood er basert på bokserien The Southern Vampire Mysteries av Charlaine Harris, og omhandlar vampyrar og menneske i fiksjonsbyen Bon Temps i Louisiana.  Skaparen bak serien er Alan Ball som også står bak suksesserien Six Feet Under.

Den første episoden av serien blei sendt 7. september 2008 i USA, og byrja i Noreg omlag eitt år etterpå. Det var grunnen til at eg valte å ha om serien i min medieoppleving sidan serien var veldig aktuell på den tida i Noreg, og sidan det er ein serie eg syns er veldig bra. I serien så er vampyrane ute av skapet etter at det er kome syntetisk blod som dei kan livnære seg på, og det er allmennkjend at vampyrar finst. Dette syntetiske blodet, True Blood, er det ikkje alle som benytter seg av og det er framleis mange vampyrar som likar blodet sitt ‘ferskt’ – rett frå menneskekroppen. I serien er det ein raud tråd når det gjeld rettigheitane til vampyrane og vi kan sjå parallellar til dei homofile sin kamp mot like rettigheitar.

Serien omhandlar den telepatiske servitrisen Sookie Stackhouse (Anna Paquin), som forelskar seg og vert ilag med ein vampyr (Stephen Moyer). Det er ein serie som er veldig overnaturleg, men samstundes blir det gjort på ein slik måte at ein ikkje stussar over dei overnaturlege trekka. Ein aksepterar at vampyrar (og andre overnaturlege skapningar) finst sidan i verda innanfor serien så er det noko som er ‘out in the open’.

Dette er ein serie eg oppdaga på Canal+, og såg første sesongen der, men sesong 2 fekk eg tak i på andre, ikkje heilt lovlege måtar. Sesong 3 startar i USA 13. juni 2010, og du kan vere sikker på at eg kjem til å sitje klistra framfor skjermen denne sesongen óg.

(Hadde dette vore ei oppgåve eg fekk på vårsemesteret så hadde eg kanskje gått vekk frå True Blood, og heller hatt om komiserien Arrested Development, som er ein heilt fantastisk serie med ein utruleg god og smart humor.)

Kva skil seg mellom media i u-landa og media i i-land?

februar 5, 2010

I denne oppgåva skal eg skrive om kva som skil mellom media i u-landa og media i i-landa – korleis media kan fungere som ei ‘vaktbikkje’ i nokre land samstundes som den driv med sensur og korrupsjon i nokre u-land.

Mange av landa i den sørlege og fattige delen av verda er eller har vore ein diktaturstat med ein særs liten tradisjon for pressefridom. Asbjørnsen m.fl skriv at ofte så har pressa forskjellig innhald og funksjonar alt etter kva land det er snakk om. (2007, s 112).

I i-landa og den vestlege verda så har media ei viktig rolle når det gjeld å vere ei ’vaktbikkje’ overfor andre maktinstitusjonar i landet. I Noreg har vi ’Ver varmsom-plakaten’ som media skal følgje. I desse etiske normane for pressa som ein finn på nettsidene til Norsk Presseforbund, så er det spesielt punkt 1, pressen si samfunnsrolle, som er relevant i denne problemstillinga. Der står det blant anna korleis media skal ivareta viktige oppgåver som informasjon, debatt og samfunnskritikk, informere om det som skjer i samfunnet og avdekkje kritikkverdige forhold, og beskytte einkeltmenneske og grupper mot overgrep frå staten. (Vær-varsom-plakaten, 2006)

Pressen skal verne om ytringsfriheten, trykkefriheten og offentlighetsprinsippet. Den kan ikke gi etter for press fra noen som vil hindre åpen debatt, fri informasjonsformidling og fri adgang til kildene. Avtaler om eksklusiv formidling av arrangementer skal ikke være til hinder for fri nyhetsformidling. (Vær-varsom-plakaten, 2006)

Dette punktet er noko som ofte vert forsømt i u-landa, der ein ofte finn korrupsjon og sensur av media. U-land får som oftast ikkje selt medieproduksjonane sine utafor sitt eige land, og får på den måten ikkje noko inntekter på eksportering av eigne medieproduksjonar. Grunnen til dette er at det nesten berre engelskspråklege medieproduksjonar som vert selt til heile verda. (2007, s. 108). ”Marknaden regulerer media” er overskrifta ein finn i Mediamøte 2, skreve av Asbjørnsen m.fl på side 108. Der står det at det er det medieinnhaldet som sel som vert produsert og distribuert flest stadar (2007, s. 108). Er vi late som når vi ikkje ynskjer medieproduksjonar der vi ikkje kan språket? Eller har det noko med kvaliteten i medieproduksjonane?
Dette blir kalla kommersialisering av media. Media byrjar å vende seg til lesarane, lyttarane og sjåarane meir som kjøparar enn samfunnsborgarar, og media blir til næringsverksemder i staden for kulturinstitusjonar som dei skal vere. (2007, s. 108).

Litteraturliste

Asbjørnsen m.fl: Mediemøte 2, Aschehoug 2007

Norsk presseforbund (2006): Vær Varsom-plakaten –http://presse.no/Pressens_Faglige_Utvalg_PFU/Var_Varsom-plakaten/ Lasta ned 01.02.10

Opphavsrett

november 9, 2009

Kva er opphavsrettigheter? I følgje wikipedia.no er det «Opphavsrett er betegnelsen på den enerett (råderett) som skaperen av et litterært, vitenskapelig eller kunstnerisk verk får til å forføye over uttrykket ved å fremstille eksemplarer av det og ved å gjøre det tilgjengelig for allmennheten, jf. lov av 12. mai 1961 nr. 2 om opphavsrett til åndsverk m.v. (åndsverkloven). »

Eit åndsverk er verk som er prega av sjølvstendig og personleg innsats frå opphavsmannen si side. Det blir ikkje stilt noko krav til verket sitt kvalitet. Vernet oppstår i det verket er skapt, og ein må ikkje merke det med copyright-merke eller noko anna registrering.

Får å få tillatelse til å bruke eit fotografi i ei bok må ein spørje opphavsmannen om å få lov. Ofte får dei også eit honorar.

Organisasjonar som finst for forvaltning av opphavsrettar er blant anna BONO, Gramo, Kopinor, Norwaco, TONO og FONO.

Sitatrett er i følgje clara.no – sitatrett «Man kan sitere fra verk som er offentliggjort uten tillatelse fra rettighetshaverne så fremt dette er i samsvar med god skikk, og nødvendig for et formål

Creative Commons er ein nonprofit organsisasjon som vil gjere det enklare for folk å del informasjon og byggje på arbeidet til andre som er i samsvar med opphavsretten. (http://search.creativecommons.org/)

Copyright av MikeBlogs. Tilgjengeleg under Attribution 2.0 Generic.

 

Kva kan ein gjere på bloggen?

november 9, 2009

I følgje VG så er det berre risikogruppene som får vaksine i dei neste vekene framover.

 

pig-thumb

 

Frå stumfilm til lydfilm

november 3, 2009

Filmen The Jazz Singer – regissert av Alan Crosland og utgitt i 1927, ifølgje internettsida http://www.imdb.com,  markerte eit teknologisk skilje i filmverda. Det var den første filmen som gjekk frå stumfilm-eraen og over til lydfilm-eraen. Filmmediumet var ikkje berre veldig populær for sin underhaldning, men også innanfor formidling av nyheiter fekk filmen stor innverknad – «(…) og det fanst eigne kinoar som berre viste filmaviser. På dette området var franske firma pionerar, og Pathés Animated Gazette hadde faste utgåver alt før 1914.» (Dag Asbjørnsen m.fl (2007), H. Aschehoug & Co).

 

Kjeldeliste:

Dag Asbjørnsen m.fl (2007), H. Aschehoug & Co

http://www.imdb.com/title/tt0018037/

 

Eshowe-prosjekt

september 14, 2009

Heihei!

Den siste tida har vi jobba med Eshowe-prosjektet der vi skulle vere informasjonsmedarbeidarar. Eg var på organisasjonsgruppa i forkant ilag med Jeanette, Camilla og Linda. Det vi gjorde var å setje opp dei forskjellige gruppene som skulle ha framvisning for klassane, og så satte vi og opp til kva tid og kvar dei ulike klassane skulle få informasjonen. Det gjekk bra til slutt og alt gjekk nesten etter planen, men det var ikkje alle lærarane som hadde fått med seg kva som skulle skje.

Alt i alt så syns eg det gjekk bra, og at det var veldig lærerikt og spennande.

TENK MED HOVE HJELP ESHOWE GJER EIN FORSKJELL!!

Turister i Solvorn

august 30, 2009

Jeg og Jeanette var i Solvorn og der fikk vi Marianne og Kjersti til å stille opp som modeller. Vi var også så heldige at Marianne stilte opp med kuer og hest. Bildet vi valgte tok vi fordi det fokuserte så bra på trekløveren, og vi følte at bildene med dyrene ikke ble slik som vi forventet.

Her ser dere vårt bidrag:

Creative Commons License
Dette verk er lisensieret under en Creative Commons Navngivelse-Ikkekommersiell-Ingen Bearbeidelse 3.0 Norge lisens.