Min medieoppleving – True Blood

I haustsemesteret hadde alle i klassen ein liten presentasjon av ein medieoppleving vi ville dele med resten av klassen. Min medieoppleving var HBO sin serie, True Blood. True Blood er basert på bokserien The Southern Vampire Mysteries av Charlaine Harris, og omhandlar vampyrar og menneske i fiksjonsbyen Bon Temps i Louisiana.  Skaparen bak serien er Alan Ball som også står bak suksesserien Six Feet Under.

Den første episoden av serien blei sendt 7. september 2008 i USA, og byrja i Noreg omlag eitt år etterpå. Det var grunnen til at eg valte å ha om serien i min medieoppleving sidan serien var veldig aktuell på den tida i Noreg, og sidan det er ein serie eg syns er veldig bra. I serien så er vampyrane ute av skapet etter at det er kome syntetisk blod som dei kan livnære seg på, og det er allmennkjend at vampyrar finst. Dette syntetiske blodet, True Blood, er det ikkje alle som benytter seg av og det er framleis mange vampyrar som likar blodet sitt ‘ferskt’ – rett frå menneskekroppen. I serien er det ein raud tråd når det gjeld rettigheitane til vampyrane og vi kan sjå parallellar til dei homofile sin kamp mot like rettigheitar.

Serien omhandlar den telepatiske servitrisen Sookie Stackhouse (Anna Paquin), som forelskar seg og vert ilag med ein vampyr (Stephen Moyer). Det er ein serie som er veldig overnaturleg, men samstundes blir det gjort på ein slik måte at ein ikkje stussar over dei overnaturlege trekka. Ein aksepterar at vampyrar (og andre overnaturlege skapningar) finst sidan i verda innanfor serien så er det noko som er ‘out in the open’.

Dette er ein serie eg oppdaga på Canal+, og såg første sesongen der, men sesong 2 fekk eg tak i på andre, ikkje heilt lovlege måtar. Sesong 3 startar i USA 13. juni 2010, og du kan vere sikker på at eg kjem til å sitje klistra framfor skjermen denne sesongen óg.

(Hadde dette vore ei oppgåve eg fekk på vårsemesteret så hadde eg kanskje gått vekk frå True Blood, og heller hatt om komiserien Arrested Development, som er ein heilt fantastisk serie med ein utruleg god og smart humor.)

Stikkord: , , , , , , , , , , , ,

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s


%d bloggere liker dette: